Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Si hei til vår nye kommunalsjef oppvekst!

Publisert
Elisabeth

Vår nye kommunalsjef Elisabeth Nerli er endeleg på plass. Elisabeth er 45 år og kjem frå Molde. Dei siste 4,5 åra har ho jobba som undervisningsinspektør ved Bekkevoll ungdomsskule. Ho har utdanning innan juss, organisasjon og leiing, og i tillegg til å ha jobba i skulen har ho erfaring frå: 

  • Alternativ opplæringsarena  
  • Ungdoms LOS 
  • Betre tverrfagleg innsatsteam  
  • SLT (rus- og kriminalitetsforebyggande arbeid) 
  • Ufrivillig skolefravær/skolevegring  
  • Mottaksklassar/ innføringstilbod  for elever med kort butid i Noreg 
  • Politisk leiar for hovudutvalet for oppvekst,  kultur og velferd i Molde 

Elisabeth fortel at ho har stort hjarte for barn og ungdommar, at ho er opptatt av at dei skal oppleve meistring i kvardagen og at dei må få utnytta sine potensiale og interesser. Vidare har ho stor tru på tverrfagleg samarbeid for å skape eit trygt og inkluderande fellesskap for barn, unge og deira familiar, men også som eit tiltak for å førebyggje utanforskap.  

Velkomen til Seljord Elisabeth!