Senter mot incest og overgrep, SMISO, i Telemark etablerer seg i Seljord
Onsdag 1.9.21 har Smiso fyrste dag med kontor i Seljord. No skal det bli kortare avstand til hjelp etter overgrep for dei som bur lenger opp i fylket.
Birger Svela og Mette Sterner frå SMISO er klar for å innfinne seg på Møterom 2 på kommunehuset i Seljord.
Fyrste dagen blir det ope for alle som ønsker å helse på, slå av ein prat, hente ein brosjyre, eller berre svinge innom for ein kaffe eller twist.
Annakvar veke på onsdagar vil du finne SMISOpå kommunehuset, og dei som ønsker einesamtaler kan gjere avtale med dei om det.