Regjeringa har i dag varsla ei generell kompensasjonsordning for bedrifter som har hatt meir enn 30 prosents omsetningssvikt i forhold til i fjor, gjeldande frå september.
I Seljord har det vore knytt stor bekymring til dei langsiktige konsekvensane av Dyrsku-avlysinga, og Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide jublar over at verksemder i Seljord, som har hatt store tap knytt til avlysinga av årets Dyrsku, no kan få kompensasjon frå Staten:
- Dette er viktig for Seljord, seier Dahl Eide. Seljordordføraren seier kommunen over tid har jobba opp mot sentrale myndigheiter for å få på plass ei slik ordning for bedriftene: - Dette har vi jobba for sidan det vart klart at Dyrsku’n måtte avlysast og regjeringa varsla stopp i kompensasjonsordningane etter august. Vi har teke fleire initiativ både overfor regjeringa og ulike departement og Stortinget for å få fram at det urettferdige i å stoppe kompensasjonsordningane. At regjeringa no opnar ei kompensasjonsordning frå september er veldig bra for dei verksemdene som har hardast råka.
Dahl Eide seier det er veldig viktig at bedriftene no set seg inn ordningane, og søkjer på dei midlane som er tilgjengelege.
Seljordsjubel for bedriftsstøtte
Pressemelding frå ordføraren