Flatdal skule med den økologiske hagen. Foto Flatdal skule
Seljord kommune skal renovere og/eller byggje ny skule i Flatdal. Det er gjennomført eit forprosjekt, og kommunestyret har bedt om at det i forkant av anbodsutlysinga blir gjennomført ein marknadsdialog med aktuelle tilbydarar.
Målet er å vere i dialog med marknaden i forkant av konkurranseutlysinga for å få signal på korleis kommunen best kan tilfredsstille sine behov og korleis konkurransen bør utformast og gjennomførast når endeleg vedtak ligg føre. Saka om vidare framdrift, rehabilitering eller ny skule, og type anbod, skal opp til handsaming i kommunestyret den 7. oktober 2021. Innspel vi får inn i dialogen, som skal takast med vidare i prosjektet, blir teke med i konkurransegrunnlaget i ein eventuell tilbodkonkurranse for bygging av prosjektet.
Basert på vedlagde forprosjektrapport og norma for læringsareal som er skissert med planteikningar og i romprogram, og med ei maksimumsramme på 90 elevar, ynskjer vi dialog om løysingar som bidreg til eit best mogleg skulebygg og moglege andre/kostnadsreduserande løysingar. Vi ynskjer også innspel på dei økonomiske kalkylane som ligg i prosjektrapporten.
Aktuelle tilbydarar må gje oss skriftleg tilbakemelding innan 9. september 2021.
I etterkant av dette kjem vi til å kalle inn til dialogmøte. Desse vil vere unntatt offentlegheit. Alle dialogmøta skal gjennomførast etter ein fast intervjumal, og alt blir referatført.