Rådmann, Rikke Raknes, orienterer i ei pressemelding at ho har takka ja til ny jobb og flyttar nordover att. Ho vil arbeide for Seljord kommune fram til nyttår. I pressemeldinga seier ho at ho skal gjere sitt beste for å få ny politisk leiing og alle dei folkevalde godt i gang, og ikkje minst få på plass eit godt budsjett for komande år. Ho nyttar samtidig høvet til å takke for godt samarbeid og god innsats, og sier ho kjem til å sakne Seljord og dei gode kollegaene ho har her.