Personvern – dine rettar
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Rett til innsyn i eigne opplysingarDu kan be om å få ein kopi av alle opplysinga dine, også elektroniske spor, metadata og kva profilar du er blitt overdrege.Det er gratis å få innsyn og du kan vende deg anten til kommunen sentralt eller den delen av kommunen du ønskjer innsyn frå, for eksempel barnevernet eller fastlegen.Rett til å korrigere feilaktige opplysingarDersom du oppdagar at kommune sit med opplysingar om deg som er urette, kan du krevje retting. Du må kunne sannsynleggjere at opplysingane er urette og kva som er korrekt.Rett til slettingI nokre tilfelle kan du krevje at opplysingane dine blir sletta. For eksempel når det ikkje lenger er nødvendig å behalde opplysingane dine.Det er ein del unnatak til denne retten, og eitt av dei er dei offentlege styresmaktene si arkiveringsplikt.Rettar ved automatiserte avgjerderNår kommunen baserer saksbehandlinga si på eit dataprogram, for eksempel dersom du blir automatisk overdregen ein barnehageplass, har du rett til:- å seie meininga di
- å klage på avgjerda
- å krevje at eit menneske gjennomgår saka.
Kommunen skal informere deg om at dei bruker automatisk saksbehandling og kva konsekvensar det har for deg.Målgruppe
Alle som bur i kommunen.
-
Lover og forskrifter
Dette er ei lovpålagt teneste. Sjå:
- Rett til innsyn, personvernforordninga artikkel 15
- Rett til retting, personvernforordninga artikkel 16
- Rett til sletting, personvernforordninga artikkel 17
- Rettigheter ved automatiserte avgjørelser, personvernforordninga artikkel 22.
Lover
Personopplysningsloven
Personvernforordningen -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Du kan ta kontakt med kommunen sentralt, for eksempel ved tenestetorget, eller til det enkelte tenesteområdet.
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Kommunen skal vurdere alle innsynsspørsmål og gi eit svar eller utføre den etterspurte handlinga.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle spørsmålet så snart som mogeleg og seinast innan ein månad.
Klagemulighet
Dersom du meiner at personvernrettane dine ikkje er blitt følgt, kan du klage til kommunen eller til Datatilsynet.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Sentraladministrasjon Epost: post@seljord.kommune.no Postadresse: Brøløsvegen 13 A 3840 SELJORD Besøksadresse: Brøløsvegen 13 a 3840 SELJORD Kontaktpersoner
Navn: Mikko Andree Äijälä Tittel: Arkivleiar Telefon: 350 65 104 Epost: mikko.aijala@seljord.kommune.no -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2022-07-01 13:34