I dag var det endeleg offisiell opning av nye Heddeli, og det vart grundig markert. Line sto for klypping av snor, medan einingsleiarane Janne og Eldbjørg, fysioterapeut Ragnhild, fagleiar Roar og ordførar Sondre alle sa nokre ord i anledning opninga.
Formannskapet tok pause i dagens møte og var med saman med tilsette og brukarar av huset, og fekk servert både kaffi, kake og kultur. Det høyrer jo med på ei opning!
På nye Heddeli er fleire tenester samla; psykisk helse og rus, aktivitetssenter og hjelpemiddelsentral. I andre høgda er det laga hyblar til turnuskandidatar/studentar. Alle er no vel på plass i dei nye lokala, og alle skrytte særskilt av jobben og innsatsen av vaktmeistarane våre, som har stått for meisteparten av arbeidet. Takk for godt utført arbeid – og gratulerer med opninga!