Detter oppdatering pr. 23/12-20. Seljord kommune førebur massevaksinasjon mot korona, sjølv om det framleis er usikkert når, og kor mange, vaksinar vi får. Vaksinen er gratis og frivillig. Du er derfor ikkje pålagt å vaksinera deg, men vi rår til at du gjer det. Følg med i lokalavisa og her på heimesida til Seljord kommune for å sjå når det er din tur. Da kan du bestille time.
Prioritering:
Seljord kommune følger den prioriteringa som regjeringa har lagt opp til. I utgangspunktet er det risikogruppene som blir prioritert fyrst, og deretter helsepersonell. Prioriteringa blir i utgangspunktet slik, men dette kan endre seg:
- Bebuarar i sjukeheim
- Personar over 85 år
- Personar frå 75 til 85 år
- Personar frå 65 til 74 år
- Personar i alderen 18–64 år med bestemde underliggande sjukdomar
- Helsepersonell
Kort varsel:
Koronavaksinen blir transportert og lagra ved minus 70 grader. Når vaksinen kjem til Seljord, skal den oppbevarast ved 2-8 grader, og den er berre haldbar nokre få dagar etter opptining. Derfor må du rekne med kort frist frå du får tilbod om vaksine til den fyrste vaksinen skal settast.
Du får beskjed når det er din tur:
Du blir innkalla. Når kommunen får bekrefta at vaksine er på veg, sett vi av datoar og bestemmer kven som står for tur ut frå prioriterings-lista. Datoane blir annonsert så langt det er praktisk mogeleg. Vi legg også ut beskjed på Facebook. Det kan derfor vere lurt å følge kommunen på Facebook i tida framover.
To datoar og to vaksinar:
Du blir tildelt to datoar fordi du skal ta to dosar. Vaksine nummer to skal ein ta tidlegast 21 dagar etter den fyrste. Det er svært viktig at du tek begge dosane, og det er viktig at du møter opp på dei datoane du får tildelt slik at det blir rett tidsintervall mellom dei to dosane.
Vi planlegg vaksinasjon i det gamle REMA bygget i sentrum.
Koronavaksinasjonstelefon: Det er etablert eigen koronavaksinasjonstelefon for Seljord, tlf 409 13 567. Denne telefonen vil vere betent i kommunens opningstider frå måndag 28. desember, dvs.måndag, tysdag og onsdag kl. 09.00 – 14.00 i romjula, og etter nyttår på kvardagar mellom 09.00- 15.00. Får du ikkje svar når du ringer dette telefonnummer, så vil ditt nummer bli registrert og vi vil søke å ringe deg tilbake.