Flatdal skule vart opna med skulemusikk, ordførarbesøk og talar tysdag 12. desember. Mange var interesserte i å få med seg opninga og ikkje minst sjå det nye fine bygget som skal huse elevane i mange år framover. Det vart heilt fullt i den nye aulaen. Fleire måtte finne seg plassar utanfor rommet. Opninga blei besøkt av minst 300 barn, foreldre, besteforelde og interesserte til stade på skulen.
Ordførar Solveig gratulerte med den nye skulen og syna fram den kunstnariske utsmykkinga av utvikling av sommarfuglar frå egg og larve til ein fargerik sommarfugl. Kunstnaren er Eivind Blakar og han vi søke å få montert kunstverket i løpet av januar og samtidig vil det bli montert dei to store sommarfuglande i auditoriet, dette er kommunens gåve til skulen.
Det var eleavane som sto for underhaldninga med eit morsamt spelstykke og Flatdal skulekorps underhalda med musikk. Det var også takk til hovudentreprenøren, kommunens prosjektleia for skulen Egil Birkrem. Nytilsett rektor, Terje Haugland, tala og ynskja alle velkommen med dugnadsinnsats for å få til det
Norgeshus KTS Bygg AS Svein Yngve Haugan takka for jobben å bygge ut skulen og han takka for jobben.
Det var byggingeniør Egil Birkerem som var kommunens ansvarlege for prosjektet med ny skulen.
Vi gratulere Flatdal med ny skule!