Ny tilskotsordning for mangfald og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet
Skrive av Tone Bøhn
Publisert
Mangfald og inkludering
Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ein ny tilskotsordning til mangfald og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet. Føremålet med tilskotsordninga er å skape varig auka deltaking. Det kan bli gitt tilskot til prosjekt eller eingangsutgifter.
Søknadsfristen er 13.juni, kl. 13.00.
Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søke tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vere både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som t.d. friluftsliv.
Dette er målgruppene for ordninga:
Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låginntekt.
Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplever særskilde barrierer.
Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa
Noverende og framtidige unge leiarara og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.