Seljord kommune er glad for og stolt av å ha eit slikt flott museum i kommunen vår, og gler oss til samarbeid i åra som kjem!
Her kan du lese meir om Eva Bull Holte og museet i Åmotsdal:
Merete Kolstad Løberg, styreleiar i Minnefondet for Eva Bull Holte, og rådmann Rikke Raknes underteikna i dag ei ny samarbeidsavtala om museet i Åmotsdal.
Samarbeidsavtala er inngått for å ivareta Eva Bull Holtes museum og eigedomen Sneie med bygningar. Avtala gjeld i 10 år, og føremålet med avtala er å fremje godt samarbeid mellom partane, med felles ønske om å fremje kunnskap rundt kunstnaren Eva Bull Holte og hennar verk, og å utvikle Sneie og museet i Åmotsdal.
Eva Bull Holte er norsk maler, grafiker og teiknar. Ho vart fødd i 1922, døydde i 1993, og var gift med tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B. Holte. På 50-talet kjøpte dei eigedomen Sneie i Åmotsdal. Der samla dei blant anna fleire gamle lafta hus i tillegg til dei som var der frå før. I 1999 blei kunstmuseet på Sneie i Åmotsdal offisielt opna. Det har i dag ope kvar sommar i tillegg til ved enkeltarrangement gjennom året.
Seljord kommune er glad for og stolt av å ha eit slikt flott museum i kommunen vår, og gler oss til samarbeid i åra som kjem!
Her kan du lese meir om Eva Bull Holte og museet i Åmotsdal: