Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Ny kommunalsjef for skule og oppvekst på plass

Publisert
Michael Berstad

Michael Berstad

Seljord kommune har tilsett Michael Berstad i ny stilling som kommunalsjef for skule og oppvekst. Han starta i jobben førre veke, og er i full gang med å gjere seg kjent med tenesteområdet.  

Michael er oppvaksen i Kviteseid kommune og har studert ved universitetet i Bergen og Stavanger. Han har erfaring som lærar på fleire skular i Stavanger og Sør-Varanger. Han har tidlegare vore rektor på Kirkenes ungdomsskule og Bjørnevatn skule, og kjem no frå stillinga som skulefagleg rådgjevar i Sør-Varanger. Han har dei siste åra teke ein master i skuleleiing på BI i Oslo.

Velkomen til oss Michael!