Møt Kristine Kleiv, vår nye bygdeutviklar i Seljord kommune. Ho er tilsett i Møtestad Seljord og skal gjennom eit toårig prosjekt synleggjera Seljord sine eigenskapar og unike kvalitetar som heim- og arbeidsstad. Alt i frå naturopplevingar, tilbod om bustad og arbeid, fritidsaktivitetar og kommunale tilbod kan vere aktuelle tema.
Vere kontaktperson for nye tilflyttarar
Marknadsføre Seljord digitalt og fysisk
Opprette eit bygdevertkollektiv
Leige ut heimekontor i fellesskap
Vere med og gjennomføre ulike typer arrangement
Bygdeutviklaren har eigen facebookside, sjekk den her