Vi er stolte av det arbeidet er gjort og gjerast her i Seljord. Til tross for ein nasjonal fastlegekrise, lykkast vi med å rekruttere gode og kvalifiserte legar. Vi har eit helsesenter med eit tverrfagleg miljø med legekontor, legevakt, helsestasjon, fysioterapi og eining for psykisk helse. Dette trur vi er nykkelen for å gje gode helsetenester til innbyggarane våre, og det var gøy å få fortelje ministeren om vår «modell» på Seljord helsesenter. Vi har og vore sentrale i arbeidet med akuttkjeden i Telemark, eit samhandlingsprosjekt med mål om å at Telemark skulle få Norges beste akuttkjede, og fekk fortalt ho litt om det også.
Ministeren fikk høyre om både fortid, notid og framtid på helseområdet her i Seljord. Kva for erfaringar og utfordringar vi har møtt på, og kva slags potensiale vi ser framover. Kjerkol sa fleire gongar under besøket at Seljord har knekt koden når det gjeld å rekruttere og behalde, og på samarbeid og samhandling. Ho lova blant anna å sjå på ordningar som gjer det lønnsamt å samhandle, og på langsiktige ordningar i finansiering. Det ser vi fram til!
Vi takkar for besøket og ønsker ho velkomen tilbake når tid som helst!