Det er heilt sikkert at dette blir ein stor jobb for Seljord, så no må vi alle brette opp ermane og ta i eit ekstra tak.  Vi gjer merksam på at det også kan kome flyktningar frå andre land enn Ukraina dei neste månadane. Alle er like velkomne!

Det er stort hjarterom i bygda. Det har kome inn mange tilbod om lån og leige av rom, hyblar, leilegheiter, hus og hytter. Mange har tatt kontakt med kommunen, Røde Kors og Frivilligsentralen for å hjelpe til med mottak og oppfølging. Vi er takksame for all hjelp!

Vi tek no direkte kontakt med kvar enkelt som melder inn ledige bustader for nærmare avtale og melder så inn kapasiteten vår til IMDi. Vi har meldt frå at vi har bustader klare for om lag 20-25 flyktningar og håpar at vi skal få på plass enda fleire bustader i løpet av dei neste vekene. Seljord ynskjer primært at busetting skjer gjennom avtale og dialog med IMDi.

Frivillige som vil hjelpe og utstyr til flyktningar frå Ukraina. Det er mange som har meldt at dei ynskjer å hjelpe til som frivillige. Kommunen vil samarbeide med alle som ynskjer å hjelpe til. Vi har starta samarbeidet med Seljord Røde kors og Frivilligsentralen om organisering av frivillig innsats, samt eventuell innsamling av utstyr og klede. Vi kjem tilbake med meir informasjon om frivillig innsats og meir konkrete ynskje om kva me treng av utstyr og klede når flyktningane frå Ukraina er på veg. No i startfasen ynskjer vi oss aller mest økonomisk hjelp via Vipps til 740 317 «Seljord Røde Kors - Ukraina».

Beredskapsleiinga har etablert ei arbeidsgruppe for å planlegge mottak og ivaretaking av flyktningane. Gruppa er samansett av representantar frå helse, oppvekst, samfunn og drift og skal ha nær kontakt med frivillige organisasjonar. Avdelingsleiar Ronde Schade er leiar av gruppa.

Har du spørsmål om busettinga: Avdelingsleiar avdeling for integrering og vaksenopplæring, Ronde Ingeberg Schade, ronde.schade@seljord.kommune.no , mobil 413 28 929. Eller flyktningekonsulent, Per Atle Einan, per.atle.einan@seljord.kommune.no , mobil 902 88 789.

Har du spørsmål om bustad: Eigedomskonsulent Seljord kommune, Kim Gøran Aakre Bringa, kim.bringa@seljord.kommune.no , mobil 47636 710

Vil du hjelpe til som frivillig?

Frivilligsentralen: Leiar Anne Marie Smeland, post@seljordfrivillig.no, mobil 414 78 200.

Seljord Røde Kors: Leiar Trond Johnsen, 959 45 376