Sparebankstiftinga Seljord og Seljord kommune ynskjer å dele ut kulturpris og kulturstipend 2023  

KULTURPRIS til ein eller fleire personar, institusjon, lag eller organisasjon i Seljord som har gjort ein frivillig innsats utover det vanlege i organisasjons-/ kulturlivet. 
Prisen er på kr 20.000 og ein skulptur laga av kunstnaren Ellen Grøstad Barstad. 

KULTURSTIPEND til ein kultur- eller idrettsutøvar som er mellom 15 og 25 år og som gjer ein innsats utover det vanlege innanfor sine område. 
Stipendet er på kr 20.000 og diplom av kalligraf Borghild Telnes. 

Utøvarar kan sjølve søkje stipendet, alle framlegg/søknadar må grunngjevast. 

Les vedtektene for kulturpris og kulturstipendet her

Kontaktperson for kulturpris og kulturstipend er kultursjef Asbjørn Storrusten, e-post; as@seljord.kommune.no  tlf; 917 96 785  

Fristen er 1.april for å levere framlegg til kandidatar/søknad på stipend til Seljord kommune, post@seljord.kommune.no.