Koronavaksine - vaksine - vaksinering - vaksinasjon
Seljord kommune førebur massevaksinasjon mot korona, sjølv om det framleis er usikkert når, og kor mange, vaksinar vi får. Vaksinen er gratis og frivillig. Du er derfor ikkje pålagt å vaksinera deg, men vi rår til at du gjer det.
Koronavaksinasjonstelefon for Seljord: 409 13 567. Telefonen er betent i kommunens opningstider, dvs. kvardagar mellom 09.00- 15.00. Får du ikkje svar når du ringer dette telefonnummer, så vil ditt nummer bli registrert og vi vil søke å ringe deg tilbake.
Vaksineringsstatus i Seljord kommune: Du finn oppdatert informasjon ved å gå inn på lenka til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark - oversikt over smitte, vaksine o.l.
Klare for massevaksinasjon: Seljord kommune er klare for å starte med massevaksinasjon av innbyggjarane. Vi har allereie gjort klar “gamle REMA-bygget” til vaksinasjonsstasjon, og alle planar er på plass. No ventar vi berre på å få vaksiner så vi kan starte! Staten har bedt om svar på om vi kan starte i begynnelsen av februar, om vi kan handtere å få to ulike vaksinetypar og om vi kan vaksinere ca 25% av innbyggjarane våre per veke. Det kan vi!
Prioritering:
Seljord kommune følger den prioriteringa som regjeringa har lagt opp til. I utgangspunktet er det risikogruppene som blir prioritert fyrst, og deretter helsepersonell. Prioriteringa blir i utgangspunktet slik, men dette kan endre seg:
- Bebuarar i sjukeheim
- Personar over 85 år
- Personar frå 75 til 85 år
- Personar frå 65 til 74 år
- Personar i alderen 18–64 år med bestemde underliggande sjukdomar
- Helsepersonell
Kort varsel:
Koronavaksinen blir transportert og lagra ved minus 70 grader. Når vaksinen kjem til Seljord, skal den oppbevarast ved 2-8 grader, og den er berre haldbar nokre få dagar etter opptining. Derfor må du rekne med kort frist frå du får tilbod om vaksine til den fyrste vaksinen skal settast.
Du får beskjed når det er din tur:
Du blir innkalla. Når kommunen får bekrefta at vaksine er på veg, sett vi av datoar og bestemmer kven som står for tur ut frå prioriterings-lista. Datoane blir annonsert så langt det er praktisk mogeleg. Vi legg også ut beskjed på Facebook. Det kan derfor vere lurt å følge kommunen på Facebook i tida framover.
To datoar og to vaksinar:
Du blir tildelt to datoar fordi du skal ta to dosar. Vaksine nummer to skal ein ta tidlegast 21 dagar etter den fyrste. Det er svært viktig at du tek begge dosane, og det er viktig at du møter opp på dei datoane du får tildelt slik at det blir rett tidsintervall mellom dei to dosane.
Vi planlegg vaksinasjon i det gamle REMA bygget i sentrum.
Viktige meldingar og informasjon frå kommunen
OBS! Når det blir registrert smitta personar som er folkeregistrert i kommunen, men som ikkje oppheld seg her til dagleg, blir det vanlegvis ikkje sett i verk tiltak lokalt.
2.2.21: Seljord kommune meiner no at situasjonen rundt det muterte koronaviruset er meir oversiktleg enn 23. januar då vi rådde innbyggjarane og gjester til å bruke munnbind på offentlege stader som butikkar, bensinstasjonar, serveringsstader ol. Sentrale myndigheiter lettar nå på innstrammingstiltaka, og vi meiner det er rett at Seljord kommune gjer det same. Derfor er det frå måndag 1. februar 2021 ikkje lenger nødvendig/tilrådd å bruke munnbind på desse stadene så lenge ein kan halde ein meter avstand. Dersom du er i tvil, eller meiner det er vanskeleg å halde tilstrekkeleg avstand, bør du framleis bruke munnbind. Innanfor helsetenestene våre vil reglane halde fram slik dei har vore i det siste.
24.1.21: Seljord kommune rår alle til å bruke munnbind innandørs på offentleg stad som butikkar, serveringsstadar, bensinstasjonar og bussar/taxi. Dette gjeld ikkje barn under 12 år eller dei som har ein medisinsk grunn til å ikkje nytte munnbind. Krav om munnbind gjeld heller ikkje for elevar i grunnskulen som brukar skulebuss/skuleskyss. Seljord kommune følgjer alle nasjonale tilrådingar for smitteverntiltak.
Besøk på legekontor og helseinstitusjonar: Bruk munnbind, hald avstandsreglane.
- Nesbukti pleie- og omsorgssenter: Retningsliner for besøk pr. 12.2.21
- Retningsliner for besøk på Nestunet, Steinmoen og Heddelitunet pr. 22.1.21 (OBS! For Nesbukti gjeld nye retningsliner frå 12.2.21)
Koronastatus pr. 22.1.21:
Det er ingen smitta av covid-19 i Seljord kommune.
- Nye nasjonale smitteverntilak frå 20.januar:Regjeringa presenterte i dag kva smitteverntiltak mot covid-19 som skal gjelde frå 20.januar.
- Ungdomsskule og vidaregåande skule:
- Sosial kontakt:
- Inga unødendig reising:
Seljord kommune følgjer nasjonale forskrifter og har inga restriksjoner for folk som kjem frå andre stader i landet og som besøker Seljord. Vi oppfordrar folk til minst mogleg å reise rundt meir enn naudsynt, og at dei elles fylgjer vanlege smitteråd med avstand og handhygiene.
- Idrett og fritid for barn og unge:
- Idrett og fritid for vaksne:
- Kulturarrangement:
- Private samankomstar:
- Arrangement:
Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar osv. Inntil 200 personar i “fastmonterte seter” (t.d. ein kinosal).
I gravferder kan det uansett vere inntil 50 personar.
Utandørs kan det vere 200 personer på arrangement. Inntil 600 personar i “fastmonterte seter”.
- Nasjonalt skjenkeforbod:
16.10.20: Kan du bidra innan helsevesenet dersom vi treng meir bemanning i samband med koronapandemien? Kommunen ynskjer å skaffe ein oversikt over innbyggarar som held på med helsefagleg utdanning, har helsefagleg formalkompetanse eller arbeidserfaring som kan vere villig til å bidra i Seljord kommune sin helse- og omsorgsteneste i samband med handteringa av koronavirus i kommunen. Dette gjeld folk som ikkje er tilsette i Seljord kommune frå før av. Registrer deg her.
Du finn oversikt over alle kommunale nyheiter på kommunen sine heimesider her - OBS! Bruk søkefunksjonen, men sjekk dato for publisering, ting endrar seg fort! Vi brukar også Facebooksida vår til å dele nyheiter, så gå inn og fylgj sida, du får mykje nyttig informasjon der.
Symptom og testing
Behov for testing?
Du kan tinge time via:
- Helse Norge dersom det er noko som ikkje hastar. Innlogging
- Seljord helsesenter si eiga nettside
- Ring Seljord helsesenter: tlf: 35 06 52 50
- Ring legevakta tlf. 116 117
Om testing for korona: Seljord fylgjer dei sentrale retningslinene frå FHI for testing, les meir på FHI si heimeside om kva du gjer om du trur du er sjuk, og informasjon om testkriterier
- Treng du å teste deg? Start med å gå inn på www.koronasjekk.no. Svar på dei enkle spørsmåla på nettsida, for å sjå om du bør ta en koronatest.
- Korleis kan du skilje symptom på covid-19 frå symptom på forkjøling? FHI informerer
- Ring fastlegen din eller legevakta på telefon 116 117 og fylgj råda og rettleiinga derfrå.
Det er viktig at du opplyser om kvar du har vore, og om eventuell kontakt med smitte. Folkehelseinstituttet - Prøvesvar etter koronatest sjekkar du sjølv på https://helsenorge.no/.
- Informasjon til deg som har teke koronatest. Informasjon på fleire språk - FHI
Dersom ein får feber og/eller luftvegssymptom som sår hals, hoste eller tungpust, spesielt viss ein har vore på reise innanlands eller utanlands i område med spreiing av virus dei siste 14 dagane, må ein reagere på dette.
Andre sjukdomar
Dersom du har symptom som du vanlegvis ville ha kontakta legekontoret eller legevakta for, skal du framleis ta kontakt. Legesenteret har ikkje stengt, men viss det er lenge å vente før vi svarar, så er det fordi vi får veldig mange telefonar nå om dagen.
MERK:
- Pasientar må ikkje kome til legekontoret eller legevakta med luftvegsproblem utan avtale på førehand
- Dei som har ei lett forkjøling og ikkje treng legetilsyn, bør halde seg heime til ein dag etter at dei er friske
- Pasientar med alvorlege lidingar og andre sjukdomar må framleis skal ta kontakt med legen sin
- Ikkje la vere å ta kontakt fordi du trur vi har så mykje å gjere, eller fordi du er redd for å vere til bry.
Smittevern og førebygging
Dei viktigaste hygieneråda:
- Vask hendene ofte og grundig
- Host og nys i et papirlommetørkle som skal kastast etter bruk
- Hald generell avstand til folk
- Hald avstand til personar med luftvegssymptom
- Unngå å handhelse og klemme kvarandre
Er du sett i karantene:
- ikkje gå på jobb eller skule
- unngå reiser
- ikkje ta offentleg transport
- unngå andre stader der ein lett kjem nær andre, t.d. butikkar
Smittestopp-appen:
På sikt vil vaksiner kunne hjelpe oss ut av pandemien. Fram til då treng vi framleis andre tiltak. Last ned den nye Smittestopp-appen, og gi beskjed til andre viss du blir smitta. Bli med å bringe kvardagen tilbake.
Tips om korleis appen fungerer og korleis du lastar den ned:
- Helsenorge om smittestoppappen
- Korleis appen fungerer
- Filmar om korleis appen fungerer
- Tekst på ulike språk om appen
Andre offisielle råd om smittevern:
- Plakat, pdf: Hald avstand. råd frå Folkehelseinstituttet
- FHI: "Håndhygiene, hostehygiene, bruk av munnbind, rengjøring og klesvask – Råd og informasjon til befolkningen"
- FHI: "Avstand, karantene og isolering"
- FHI: Råd og informasjon til folk i risikogrupper og deira pårørande
- FHI: "Smittevernråd for ferie og reise vedrørende koronavirus (covid-19"
- FHI: Rettleiarar for smittevern - du finn alle på denne sida
- FHI: Siste oppdateringar i koronarettleiaren
Barnehage og skule
Når skal sjuke barn haldast heime frå barnehage og skule? FHI
Luftvegssymptom, når skal barnet vere heime? Gjeld barn i barnehage- eller barneskulealder FHI
Råd om når ein skal vere heime ved sjukdom - tilsette og barn/elevar i barnehage og skule. Udir
Regjeringen.no/tema - info til foreldre og barn om koronasituasjonen
Opplegg og organisering for barnehage, skule og SFO:
- Det er ordinære opningstider i barnehagane og SFO
- Alle elevar møter på skulen kvar dag, unntak for ungdomstrinnet pr. 4.1.21.
- Skuleskyss går som normalt. Elevane fylgjer retningsliner gitt av eigen skule
Alle barn og elevar skal framleis ha med niste, drikke får dei i barnehage og SFO. Kostpengane blir tilsvarande redusert.
- Beredskapsplan for pandemi for barnehagane i Seljord, januar 2021
- Beredskapsplan for Seljord barne- og ungdomsskule, august 2020
- Beredskapsplan for Flatdal oppvekstsenter - skule, januar 2021
Udir - nye smittevernrettleiingar. I dei nye rettleiingane frå slutten av mai opererer ein med nivåinndeling av smitteverntiltak, ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå som viser kva for smitteverntiltak barnehagar og skular skal følgje. Seljord kommune er på gult nivå inntil vidare med dei krava til smittevern, handhygiene, krav til gruppestorleik, inndeling i faste grupper/kohortar, og krav til å halde avstand som ligg i gult nivå.
- Veiledere om smittevern for barnehage og skule - 29.5.20
- Generelle retningsliner for skuleskyss og smittevern - 12.11.20
- Informasjon på fleire språk om opning av barnehage og skule - Udir
- Informasjon til føresette med barn i skulen - Udir
- Plakat - Udir: Slik sørgjer vi for trygge skular
- Plakat - Udir: Slik sørgjer vi for trygge barnehager
- Videoklipp frå Udir: Filmar til barn i barnehage- og skulealder
- Videoklipp frå UDIR:No opnar barnehagane igjen
- Videoklipp frå UDIR:No er det forsvarleg å sende barna i barnehage igjen
- Ofte stilte spørsmål om barnehage og skule - Udir
Viss redusert opningstid i barnehage og SFO
Ved redusert opningstid vil det vere mogleg med tilbod om utvida opningstid for foreldre med samfunnskritiske oppgåver eller sårbare barn.
Barn som har føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.
Skule- og barnehageeigarar har ansvar for å sørge for eit tilbod til barn med føresette i kritiske samfunnsfunksjonar eller verksemdskritiske oppgåver.
Det er to moglegheiter for å få tilbod:
- Personell i kritisk samfunnsfunksjon
- Personell med andre verksemdskritiske oppgåver, sjå oppdatert oversikt i lenka nedanfor
Lenke til oversikt over kritiske samfunnsfunksjonar på Regjeringen.no
For både punkt 1 og punkt 2 gjeld det at:
- Barnet skal vere under 12 år
- Det er tilstrekkeleg at éin føresett arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod
- Det finst ikkje andre moglegheiter for barnepass
- Arbeidsgivar må på førespurnad kunna stadfesta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdskritisk oppgåve
Barn og unge med særskilte omsorgsbehov.
Helsedirektoratet sine retningsliner for stenging av skule og barnehage gir unntak for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Det vil bli gjort konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få dette tilbodet. Moment i denne vurderinga kan vera om dei til dømes har store fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av hjelpetiltak og anna. Dette handlar òg om barn og unge som barnevernet gir hjelpetiltak til, er i fosterheim eller dei som kommunen av andre årsaker meiner har eit særskilt behov.
Enkelte elevar har enkeltvedtak om mellom anna spesialundervisning eller særskild språkopplæring. I perioden skulane er stengde, vil det ikkje vera mogleg for skuleeigarane å gi ei opplæring som fullt ut er i samsvar med desse vedtaka. Det same gjeld for barn som har enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp etter barnehagelova.
Søke om utvida tilbod i barnehage/SFO:
Føresette må søke på eige søknadsskjema, sjå lenger ned på sida. Søknad skal sendast til aktuell eining.
- Seljord barnehage, Heddeli og Tussejuv: heidi.haugerud@seljord.kommune.no
- Flatdal oppvekstsenter, barnehage: nina.bakkaker@seljord.kommune
- Flatdal oppvekstsenter, SFO: pia.robertsen@seljord.kommune.no
- Seljord SFO: kjersti.bollerud@seljord.kommune.no
Kryss av for kva kategori du ynskjer at søknaden skal bli behandla etter og skriv ein grunngjeving. For kategori 1 og 2 (samfunnskritiske funksjonar) må føresette føre opp namn på arbeidsgivar/stilling og kva for funksjon eller oppgåver ein har.
Søknadar blir fortløpande behandla etter dei til ein kvar tid gjeldande reglar og føringar.
- Søknadsskjema om utvida tilbod i barnehage/SFO - Word (Gjeld for utvida tilbod etter at barnehage og skule har starta opp)
Nyttig informasjon om ordninga
Helsenorge.no Annan informasjon retta mot foreldre, barn og unge
regjeringen.no Liste over verksemder med kritisk samfunnsfunksjon og nøkkelpersonell som kan få tilbod om plass i barnehage og barneskole,
Kommunale tenester og lokal informasjon
Dei fleste kommunale verksemder er nå opne, men med ulike smitteverntiltak og kanskje med reduserte opningstider, sjå informasjon om ordinære tilbod under dei ulike tenestene på heimesida om du ikkje ser noko her:
- Kommunehuset er ope for publikum mellom 9 og 15.00, sentralbordet er ope frå kl. 9.00-14.00 kvar dag. Du kan kontakte tilsette på telefon frå kl 07.45 - 15.30 kvar dag. Vi oppfordrar publikum til å gjere avtale med saksbehandlarar, sjå telefonliste og kontaktinformasjon. Alle besøkande må registrere seg ved sentralbordet, og vi ber om at alle spritar hendene før dei går vidare.
- Helsestasjonen:
Brukarane av tenesta får nå oppfølginga som før koronakrisa. Fram til medio august er helsestasjoen lokalisert på legekontoret. Kontakt: Helsesjukepleiar tlf. 908 90 005 eller 35 06 52 50. Jordmor har kontor på Heddeli og kan kontaktas på mob. 905 98 106, evt. Jordmorvakta om det hastar på tlf 35 02 16 24. -
Viktig informasjon for helsestasjonstenesta og svangerskapsomsorgen:
Ring før du kjem til alle konsultasjonar, også jordmorvakta
Kom aleine. Søsken/partnar kan ikkje vere med
Bli heime om du er forkjøla eller har andre symptom, og ta kontakt for vurdering og evt. ny avtale
Ved behov blir smittevernutstyr nytta
https://helsenorge.no/koronavirus/barn-og-gravide -
Nestunet og Steinmoen legg til rette for besøk - Oppdaterte retningsliner for besøk pr. 22.1.21
-
Kartleggingsskjema for å få tak i frivillige folk til helsetenesta
- Kulturskulen
- Biblioteket er ope.
- Granvin kulturhus med Sterke-Nils Senteret er ope.
Beredskapsleiinga i Seljord kommune:
- Ordførar Beate Marie Dahl Eide
- Varaordførar Sondre Aasan
- Konst. rådmann Frid Berge
- Kommunelege Kine Jordbakke
- Kommunalsjef skule og oppvekst Ronde Schade
- Kommunalsjef helse og omsorg Lillian Olsen Opedal
- Loggførar Anne Bente Kasland Groven
- Kommunikasjonsrådgjevar/næringssjef Asbjørn Storrusten
Reiser/arrangement
-
Reiser: Utenriksdepartementet (UD) rår folk til ikkje å reise viss det ikkje er strengt nødvendig. Reisande bør følge med på UDs reiseinformasjon og nyheter, da råda kan endre seg raskt.
Folkehelseinstituttet - reiseråd innanlands
Helsedirektoratet - reiseråd
Regjeringa - Reiser og koronavirus - spørsmål og svar
Utanriksdepartementet
Smittevernråd ved reise - Arrangement, samlingar og aktivitetar
Nyttige lenker - sentral informasjon
- Folkehelseinstituttet
- Helsedirektoratet
- Helsenorge
- Regjeringas temaside om korona
- Regjeringen.no/tema - info til foreldre og barn om koronasituasjonen
- Regjeringas side med spørsmål og svar om koronasituasjonen
- UD: Reiseråd
- Mange born og unge har spørsmål om koronaviruset. I informasjonsfilmen svarar lege Helen i Helsedirektoratet på spørsmål.
- Har du spørsmål og vil snakke med nokon kan du også ringe ei eiga informasjonslinje som Helsedirektoratet har oppretta for å avlaste nødtelefonen og delar av helsetenesta.
- Tlf 815 55 015.
- Bufdir, om barn og unges alarmtelefon
- Hjelpetelefon – for pårørande i alle aldrar
Informasjon og råd til barn, unge og familiar
Regjeringen.no/tema - info til foreldre og barn om koronasituasjonen
For barn og unge:
- Mange barn og unge har spørsmål om koronaviruset. I informasjonsfilmen svarar lege Helen i Helsedirektoratet på spørsmål.
- Informasjon og gode råd finn du også her frå NRK
- Har du bruk for å snakke om korleis du har det, kan du ringe eller chatte på Kors på Halsen eller chatte på Snakk om psyken
Alarmtelefon for barn og unge: 116 111
Mistenker du at eit barn ikkje har det bra? Kjenner du at det ikkje er trygt i heimen din? Både vaksne, barn og unge kan ringe barnevernet sin døgnopne alarmtelefon for råd og rettleiing.
På kvardagar kan du også ringe Barnevernvakta, mellom 08-16, på telefon 350 55 400
For foreldre og omsorgspersonar:
I denne tida, der kvardagen er annleis, mykje er usikkert og dei vaksne følger med på situasjonen, gjer tiltak og uroar seg, er det naturlig om barn blir bekymra og redde. Når barn er redde for korona, er det viktig at vi vaksne i samtale med dei bekreftar og anerkjenner følelsane deira. Vi må vise at det både er greitt og forståeleg at dei har det slik og at vi vil vite om det og hjelpe dei.
Vidare er det viktig å gje påliteleg og forståeleg informasjon til barnet, tilpassa barnet sin alder. Barn får med seg mykje, både av det vi vaksne snakkar om, og frå tv, radio, avisforsider og sosiale medier. Dei kan setje saman informasjon på eigne måtar og fylle ut med fantasien, der dei ikkje har opplysningar. Barn og unge kan ha mange spørsmål, og kan trenge hjelp frå vaksne til å sortere og setje saman eit realistisk bilete av situasjonen. Alderstilpassa informasjon kan oppklare misforståingar og trygge.
- Her er vanlege spørsmål frå barn om korona, og korleis ein kan svare på dei
- Korleis møte barn som er redde for koronavirus Når barn uroar seg og er redde, er det også viktig at vi vaksne skapar trygghet og formidlar håp.
- Her er råd til foreldre om korleis stå stødigare i ei usikker tid og korleis snakke med barn om koronaviruset For at barn skal ha det bra, er det og viktig at vi vaksne tar vare på oss sjølve og finn aktivitetar som gjev oss næring og energi.
- helsenorge.no Her finn de råd om korona til foreldre, barn og gravide
- 6 råd for å dempe uro. Mange menneske kjenner på ein del uro og bekymring i slike tider. Kommunepsykologen vår, Guro Anna Wyller Odden, deler 6 råd for å dempe uro.
Tips til aktivitetar i tider med skular og barnehagar stengt:
Informasjon om korona på ulike språk
Informasjon, brosjyrar, videoklipp på mange forskjellige språk:
Informasjon til deg som har tatt koronatest. Informasjon på ulike språk. FHI
Generell informasjon om Korona på fleire språk - Folkehelseinstituttet
Brosjyrar om heimekarantene og isolasjon på ulike språk - Folkehelseinstituttet
Litt, mykje eller heilt avstand - brosjyre på ulike språk - Folkehelseinstituttet
Informasjon om karantene og isoloasjon ved koronavirus - videoar på ulike språk. Frå Nafo, Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring
Informasjon til foreldre om oppstart av skule og barnehage på fleire språk - Utdanningsdirektoratet
Korleis unngå smitte på fleire språk:
Informasjon om psykisk helse - råd og tips
Tilbod om tenester innan psykisk helse og rus i Seljord kommune i samband med Covid-19
Dei tilsette må i denne perioden gjere det som er mogleg for å redusere smitterisiko, noko fører til at avdelinga for psykisk helse og rus har redusert tilbod. Det vil seie at gruppetilbod er avlyst og at tenesta i størst mogleg grad gjer tilbod per telefon.
Det er mogleg å nå tenesta på kvardagar mellom kl. 08:00 – 21:00 på vakttelefonen: 91 86 78 49.
Generell informasjon om tilbodet innan psykisk helse og rus i Seljord
Ring nokon - spør nokon - lytt til nokon Plakat og facebookside frå Helsedirektoratet
Sjå også informasjon hos Mental Helse
6 råd for å dempe uro
Det er mange som reagerer med uro på korona-pandemien. Alle som er sårbare for stress kan oppleve å bli meir urolig, irritabel, fjern og kan vere mindre rasjonell enn vanleg.
Når vi anar at noko er farleg, reagerer kroppen automatisk. For eksempel kan musklane bli spente og fordøyelsen kan stoppe opp. Når vi merkar at kroppen går i faremodus blir vi redde. Det er naturlege reaksjonar som hjelper oss med å flykte eller kjempe i akutte situasjonar. Når faren er diffus og teoretisk, sånn som nå, blir desse automatiske reaksjonane meir forstyrrande. Dei gjer at vi tenkjer mindre med fornufta og meir med følelsane.
Her er 6 råd for å dempe uro og bekymring:
1. Sett deg inn i anbefalingane frå myndigheitene
Den beste informasjonen om koronaviruset finn ein på helsenorge.no og nrk.no. Informasjonen er nøktern og lett forståeleg. Det er ikkje lurt å søkje informasjon i mindre seriøse medie, som kan overdrive og forvrenge for å skape sensasjon og auke salstala.
2. Avgrens tida du følger nyhende om pandemien
Vi treng å følge råda til myndigheitene, men vi trenger ikkje å oppdatere oss på nyhende heile tida - det aukar berre stresset og uroa.
3. Fyll hovudet med noko anna
Det er bra å vere oppteken med noko anna enn pandemien. Det kan vere underhalding, film, spel, leik, lesing, lydbøker, radio, podcast, rydde, hobbyar.
4. Bruk kroppen
Det enklaste og beste er i grunnen å vere i fysisk aktivitet. Gå ein tur. Det roar kroppen og tankane, gjer oss meir robuste og gjer det lettare å sovne om kvelden.
5. Gjer noko for andre
Hjelp andre med praktiske ting eller med å roe seg ned. Gjer noko hyggeleg saman. Hjelp andre ved å prøve å ikkje bli sjuk sjølv og ved å ikkje smitte vidare. Hjelp andre gjennom å ikkje handle meir enn du treng. Det er også ei hjelp for andre å dempe eiga uro, å vere ein trygg person for andre.
Og så eit råd til dei som må vere heime, med eller utan barn:
6. Hold på døgnrytmen
Stå opp tidleg, et frukost, lunsj og middag på same tid kvar dag, og legg det til same tid. Kroppen er eit vanedyr, og når vi manglar struktur, blir kroppen meir uroleg. Rutinar førebygger konfliktar og skaper føreseielege og trygge kvardagar.
6 gode råd – utarbeida av Jens Tennebø Jensenius, kommunepsykolog i Lillesand