Framlegget frå rådmannen er at Seljord kommune no opphevar innreiseforbodet til Seljord, men at ein beheld karantenepåbod for dei som kjem frå Oslo og Viken (unnateke Kongsberg) for å hindre smittespredning frå desse områda. Oppdatert informasjon kjem når kommunestyret har gjort vedtak i saka.
Kommunestyremøte 15.04.2020
Seljord kommunestyre skal ha digitalt møte onsdag 15.04.2020 kl 18.00 for å vurdere lokal forskrift i samband med Covid-19.