Kommunale fakturaer som skulle vore sendt ut 20. april vert ikkje sendt ut før ut i mai, truleg 10. mai. Dette skuldast overgang til nytt økonomi- og faktureringssystem. Forfallsdato vil framleis vere 20. mai.
Nytt bankkontonummer:
I samband med omlegginga har kommunen òg måtte opprette nytt bankkontonummer for innbetaling av kommunale fakturaer. Har du elektronisk avtale (AvtaleGiro eller e-faktura) vil det endre seg automatisk i nettbanken din. Om du betalar manuelt, så ver merksam på nytt nummer.
Det nye kontonummeret er: 2630. 37.01515.
Fakturaer i mai vert sendt ut som vanleg 20. mai med forfall 20. juni.
Har du spørsmål til dette, kan du ta kontakt med oss på telefon 350 65 100, eller sende e-post til post@seljord.kommune.no