Kokevarsel på vatn frå Tømmeråsen høgdebasseng
Frå og med kveld 21.juli 2022 er det kokevarsel på drikkevatnet som kjem frå Tømmeråsen høgdebasseng. Vi har hatt eit lite utslag på vassprøver. Ny prøve blir teke i dag og sendt så raskt som mogleg til analyse. Vi sender ut varsel og informasjon så snart vi veit meir. Vi ber om orsaking for ulempa dette gjev. Dei huseigarar det gjeld er varsla via SMS.