Høyring - framlegg til felles kommunalt ordensreglement for grunnskulane i Seljord. Frist 1.2.21.
Seljord kommune sender med dette forslag til felles kommunalt ordensreglement for skulane ut til høyring i perioden 10.12.20 til 1.2.2021. Relevant informasjon blir gjort tilgjengeleg på Høyringssidene våre.
Kommunestyret fattar endeleg vedtak om ordensreglementet våren 2021.
Alle elevar har rett til eit godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Eit ordensreglement med klare og gode reglar for åtferd kan vere eit viktig verkemiddel for å skape eit godt miljø for elevane.
Høyringsinnspel skal sendast til post@seljord.kommune. Merk med «høyringsinnspel ordensreglement grunnskulen». Elevråd, foreldreutval, samarbeidsutval, skulemiljøutval og skulane skal få informasjon frå skulen. Ungdomsrådet blir informert i møte 7.12.2020.