Høyring - detaljregulering Sinnesodden. Frist for innspel og merknader er 31.12.20
Seljord kommune varslar med dette om at detaljregulering for Sinnesodden blir lagt ut til offentleg ettersyn, i tråd med plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11. Samfunnsutvalet godkjente planen i møte 26.8.20 sak 33/20.
Reguleringsplankart, planomtale og føresegner og andre vedlegg tilknytt planen finn du under Høyringar på nettsida vår, samt i kommunens kartwebløysning frå og med 06.11.20.
Innspel/merknader til planforslaget må sendast elektronisk innan 31 desember 2020 til post@seljord.kommune.no