Tilbodet
Hausten 2019 oppretta Seljord Fysikalske Frisklivssentral i kommunen. Dette er eit tilbod for alle over 18 år som ynskjer hjelp og støtte til å endre levevanar, anten på grunn av helseutfordringar eller er i fare for å utvikle livsstilrelaterte sjukdomar.
Ein frisklivsresept inneheld 12 veker oppfylging med helsesamtale, enkel testing av fysisk form, og trening i grupper.
Samtalene er gratis, men gruppetilbodet i 12 veker kostar 400 kr. Vi tilbyr også søvnkurs og BraMat-kurs
Seljord Frisklivssentral på Facebook