Landbruksdirektoratet har i vedtak av 1. juli oppheva forskrift om nedsett konsesjonsgrense for Seljord kommune med verknad frå 1. juli 2024.

Vedtaket kjem som følgje av at kommunestyret den 20.06.2024 fatta vedtak om å søke Landbruksdirektoratet om å oppheve forskrifta.

Dette betyr at det etter 1. juli 2024 ikkje lenger er buplikt på eigedomar som er under arealgrensa for konsesjon, det vil seie mindre enn 100 dekar.

 

Her kan du lese vedtaket til Landbruksdirektoratet, opphevingsforskrifta og kommunestyret sitt vedtak.

Vedtak - oppheving av kommunens forskrift om nedsatt konsesjonsgrense for Seljord kommune

Forskrift Seljord

Saksframlegg med vedtak