Foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengd grunna koronautbrotet
Skrive av Tone Bøhn
Publisert
Regjeringa har bestemt at foreldre slepp å betale for barnehage og SFO så lenge tilbodet er stengd grunna koronautbrotet. Det betyr at Seljord kommune har stoppa fakturaen for barnehage og SFO frå 12.mars og inntil vidare. I praksis betyr det at vi sender ut ein faktura for opphaldet frå 1. mars fram til 12.mars, og så vil vi ikkje sende ut fleire fakturaer før tilboda opnar att. Fakturaen for mars blir sendt ut rundt 20.mars med betalingsfrist 20.april.
Regjeringa har vedteke at alle landets barnehagar og skular førebels er stengde grunna korona frå 12. mars til 26. mars. Perioden kan bli forlenga. Helsedirektoratets retningslinjer for stenging av skule og barnehage gjer unntak for barn og unge med særskilte omsorgsbehov, og barn av foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar.
Vi minner om at fakturaen med betalingsfrist 20.mars er faktura for februar. Den er for heil månad.