Slik er folkehelsa i Seljord - Folkehelseprofil 2022
Folkehelseinstituttet gav i februar ut oppdatert informasjon om korleis folkehelsa fordeler seg på ulike område i kommunane. Dette blir gjort gjennom ei såkalla folkehelseprofil. Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne.
Livskvalitet er temaet for folkehelseprofilen 2022, og indikatorar og figurar tek utgangspunkt i dette temaet. Har ein god livskvalitet vil dette både fremme den enkeltes helse, sunne levevanar og samtidig styrke motstandskraft mot moglege belastningar som livet byr på. For å oppnå ein god livskvalitet må grunnleggande forhold vere på plass, slik som økonomi, bustad og generell deltaking i samfunnet. Indikatorane som blir presenterte i profilen er valde med tanke på helsefremjande og førebyggande arbeid.
Seljord sin folkehelseprofil.
Siste side i Seljord sin folkehelseprofil viser korleis vi gjer det innanfor ei rekke ulike indikatorar. Ein kan klikke seg inn på kvar indikator for meir informasjon. Seljord kommune brukar desse tala aktivt i arbeidet med planverk og budsjett.
Det er mange positive ting med folkehelsa i Seljord. Mellom anna har vi noko av verdas reinaste drikkevatn og god luftkvalitet kring oss. Vi har og færre med psykiske symptom og lidingar, og færre med muskel- og skjelettplager enn landet for øvrig.
På den negative sida har vi lågare del med vidaregåande opplæring eller høgare utdanning, fleire mottakarar av uførepensjon, fleire unge med overvekt og fedme, og færre unge som trivast i lokalmiljøet.