Denne veka har dei midlertidige skulebrakkene annkommet. Det har vore stor stas for elevane å sjå tre trailere kome inn i skulegarden. Og kranar som lyfter brakkene på plass, mens gravemaskinar og «hoppetusset» driv med grunnarbeidet der den nye delen av skulen skal stå.
6.trinn og 1.trinn har alt bytta klasserom. Dei held no til i samfunnshuset, saman med 4.trinn. Vi på skulen er takknemlege for velviljen frå styre i samfunnshuset. SFO har også flytta inn dit. Vi er heldige som kan bruke kjøkkenet der slik at elevane på SFO får god servering og nytta maten vi får frå Joker Flatdal, for å unngå matsvin, også i denne perioden.
Både elevane og lærarane må endre tankane sine om kva skuledagen skal vere. Elevane får eiarskap til heile prosessen gjennom å vere med på det praktiske arbeidet. Her når vi overordna mål frå Læreplanen på ein utmerket måte.
Til og med mennene i KTS-bygg smiler når dei ser de ivrige og engasjerte elevane kose seg med flytting og anneleisdagar på skulen. I løpet av neste veke håper vi å vere inne i brakkeskulen med alle trinna.