Samarbeid med frivillige, lag og organisasjonar:
- Innsamling. I løpet av kort tid vil vi opne for innsamling av klede, leiker og anna utstyr. Frivilligsentralen og Røde Kors vil ha ansvar for innsamlinga. Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Frivilligsentralen ved Anne Marie Smeland.
- Frivilligsentralen, sosial møtestad. Kafeen til frivilligsentralen vil vere møteplass for flyktningane som kjem. Der kan dei møtast for å støtte og hjelpe kvarandre. Vi ynskjer også å servere mat av og til til dei som kjem. Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Frivilligsentralen ved Anne Marie Smeland.
- Besøksven. Røde Kors ynskjer at fleire kan vere besøksven for dei nye flyktningefamiliane. Kan du tenkje deg å hjelpe til? Ta kontakt med Røde Kors ved Karianne Firingen Skori.
Vil du støtte arbeidet til Røde Kors Seljord? Vipps til 740 317 «Seljord Røde Kors - Ukraina».
Meir informasjon om korleis du kan hjelpe flyktningane? Sjå Integrerings og mangfoldsdirektoratet, IMDI
Korleis førebur kommunen seg?
- Kommunal arbeidsgruppe. Ei kommunal arbeidsgruppe jobbar med å kartlegge konsekvensar og behov ved busetting av 70 flyktningar. Med i gruppa er representantar frå skule, barnehage, NAV, tekniske tenester og helse. Gruppa kjem med innspel til rådmannen og politisk nivå. Gruppa skal arbeide for å koordinere dei kommunale tenestene best mogleg og har møte kvar måndag.
- Flyktningar frå alle land. Det er IMDi som bestemmer kva for flyktningar vi får til Seljord. Vi reknar med at det i hovudsak vil vere flyktningar frå Ukraina, men trur også at det kjem flyktningar frå andre land i 2022. Vi ynskjer at alle saman skal få oppleve Seljord på beste moglege vis – som det gode vertskap!
- Ukraina-app. Seljord kommune jobbar for å få på plass ein app der dei nye som kjem til bygda får enkel informasjon raskt. Denne er forventa klar i løpet av dei neste vekene.
Kvalifisering og arbeid:
Det er forventa at fleire av flyktningane som kjem til Seljord har utdanning og yrkeserfaring. Ta kontakt om du/din bedrift har ledige stilling eller behov for arbeidskraft.
Seljord kommune samarbeider med NAV Vest-Telemark.
Hugs at dersom du har spørsmål om busettinga kan du kontakte oss:
- Spørsmål om busettinga. Avdelingsleiar avdeling for integrering og vaksenopplæring, Ronde Ingeberg Schade, ronde.schade@seljord.kommune.no , mobil 413 28 929.
- Spørsmål om bustad: Eigedomskonsulent Seljord kommune, Kim Gøran Aakre Bringa, kim.bringa@seljord.kommune.no , mobil 47636 710
Spørsmål om frivillig arbeid:
- Frivilligsentralen: Leiar Anne Marie Smeland, post@seljordfrivillig.no, mobil 414 78 200.
- Seljord Røde Kors: Leiar Trond Johnsen, 959 45 376
- Seljord Røde Kors: Karianne Firingen Skori, mobil 41 84 66 01, karianne-85@hotmail.com