Beredskapsleiinga i Seljord meiner at det også er viktig alle førebur seg på at vi nå gjeng inn i ei tid med mykje vêr (kanskje hauststormar, mykje snø og rasfare) eller eventuelle andre kriser. Kriser som kan føre til isolasjon, mangel på straum, vatn og stengte butikkar.
Eigenberedskap treng ikkje vere kostbart eller tidkrevjande. Med enkle grep blir du betre rusta til å klare deg sjølv minst tre døgn i ei krise. Du finn også nyttige tips til korleis du bør sikre deg og korleis du kan gjere det på nettsida sikkerhverdag.no.
Kvar og ein har ansvar sin eigen beredskap. Derfor er viktig at du er førebudd på å ta vare på deg sjølv i ei krise. Då bidreg du til at rednings- og beredskapsressursane kan prioritere dei som er i størst naud.
Sjølv om beredskapen styrkast, vil det alltid vera knappe ressursar i kriser. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) oppmodar deg til å vera forberedt på å klare deg sjølv heime, eller kanskje hos familie eller venner, i nokre dagar.
Dramatiske naturhendingar, regionale straumbrot, mobilnett som er nede og krig er døme på at eigenberedskapen er endå meir aktuell. Det er viktig å ta grep, sjølv om det er fred i Noreg.
Beredskapskanalar
Tilgang på offisiell informasjon er viktig. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til alle innbyggjarar, dersom andre nyhendemedium og offentlege nettsider ikkje er tilgjengelege.
Sikringsradio kan også brukast – publikumsfrekvens der ein kan nå kommunen er kanal sikring 8.
Møtestadar ved kriser
Det vil bli utstasjonert ambulanse og helsepersonell ved Helsesenteret i Seljord og ved Steinmoen i Åmotsdal.
- 9 liter vatn per person (Her kan du lese om korleis du lagrar vatn)
- to pakker knekkebrød per person
- ei pakke havregryn per person
- tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
- tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
- nokon posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
- medisin du er avhengig av
- ved-, gass eller parafinovn til oppvarming
- grill eller kokeapparat som går på gass
- stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
- fyrstikker eller lighter
- varme klede, pledd og sovepose
- førstehjelpspakke
- batteridrevet DAB-radio
- batteri, lada batteribank og mobilladar til bilen
- våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
- tørke-/toalettpapir
- litt kontantar
- ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
Seljord kommune rår alle i risikogruppa til å ha jodtablettar liggande heime som ein del av egenberedskapen.
For prioriterte grupper, barn og unge under 18 år, gravide og ammende vil kommunen kunne dele ut jodtablettar på Seljord barne - og ungdomsskule, Flatdal oppvekstsenter og Seljord helsesenter.
Utdeling av jodtablettar skal berre skje etter råd og avgjerd frå nasjonale myndigheitar.