Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Bruk av munnbind i Seljord kommune

Publisert
Munnbind I

Munnbind I

Seljord kommune meiner no at situasjonen rundt det muterte koronaviruset er meir oversiktleg enn 23. januar då vi rådde innbyggjarane og gjester til å bruke munnbind på offentlege stader som butikkar, bensinstasjonar, serveringsstader ol.

Sentrale myndigheiter lettar nå på  innstrammingstiltaka, og vi meiner det er rett at Seljord kommune gjer det same. Derfor er det frå måndag 1. februar 2021 ikkje lenger nødvendig/tilrådd å bruke munnbind på desse stadene så lenge ein kan halde ein meter avstand. Dersom du er i tvil, eller meiner det er vanskeleg å halde tilstrekkeleg avstand, bør du framleis bruke munnbind. Innanfor helsetenestene våre vil reglane halde fram slik dei har vore i det siste.