Du finn meir informasjon om behandling og gode råd under Helsestasjonen på nettsidene våre.
Auke av smitta personar med skabb i samfunnet
I det siste har ein kunne lese mykje om smitte med skabb i avisene.
Skabb er ein hudsjukdom som skuldast ein skabbmidd som graver gangar i huda og legg egg. Typisk for denne tilstanden er at ein plutseleg får ein plagsam kløe som blir opplevd mest intens etter at ein har lagt seg under dyna. Kløen er sterkast på stader der skabbmidden finst, men kløen rammer etter kvart heile kroppen. Hovud og nakke går som regel fri for smitte og kløe. Dei fleste utviklar kløande, raude prikkar, av og til små blemmer, og etter kvart skorper som følge av kløinga.
Skabbmidden blir overført frå person til person ved litt lengre hudkontakt (cirka 15 minutt ). Skabbmidd kan overleve i t.d. sengetøy i kort tid, inntil fire døgn, og dette kan vere smittekjelda i nokre tilfelle.