Alle må hjelpe å stoppe smittespreiing.
Vi vil vere med på å stanse spreiing av det muterte koronaviruset. Seljord kommune rår alle til å bruke munnbind innandørs på offentleg stad som butikkar, serveringsstadar, bensinstasjonar og bussar/taxi. Dette gjeld ikkje barn under 12 år eller dei som har ein medisinsk grunn til å ikkje nytte munnbind. Krav om munnbind gjeld heller ikkje for elevar i grunnskulen som brukar skulebuss/skuleskyss. Seljord kommune følgjer alle nasjonale tilrådingar for smitteverntiltak.
Elles er det avstand og god handhygiene som gjeld, og test deg om du mistenker at du kan vere smitta.