Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bibliotek

Seljord bibliotek, Nyveg 16, 3840 Seljord. Tlf. 35 06 51 56, e-postFacebook

OBS! For arrangement og tilstellingar - sjå bibliotekets facebookside.

Sommaropningstider: Torsdagar frå 12 til 19, frå veke 26  til og med veke 33

Ordinære opningstider: Måndag, tysdag og torsdag kl. 09.00-19.00, onsdag og fredag kl. 09-15.
Meirope bibliotek: Måndag, tysdag og tordag kl. 19.00-22.00, onsdag kl. 15.00-22.00

OBS! Endra opningstider i skuleferiar.

Meirope bibliotek betyr tilgang i ordinær opningstida på Granvin, men utanom bibliotekets bemanna opningstid. Du må vere over 18 år og ha avtale om innlogging, det får du på biblioteket!  Avtale om tilgang meirope bibliotek

Vest Telemarkbiblioteka

Vest Telemarkbiblioteka samarbeider. Vi har mellom anna felles bokbase og nettside med arrangementskalender og andre tenester. Sida er under utarbeiding.

Søk i samlingane i heile Vest Telemark og logg deg inn på Mine sider her

 

Helge Simonnes: Vårherres krigere. Putin og Trump 29. januar klokka 19

Helge Simonnes er tidlegare sjefredaktør og forfattar av fleire fagbøker om religion og politikk. Han kjem til Seljord bibliotek for å snakke om eit høgst aktuelt tema, som han sjølv presenterer slik:
"Det er ingen dristig spådom at Donald Trump og Vladimir Putin vil dominere det internasjonale nyhetsbildet i 2024. Rett etter to-årsdagen for invasjonen av Ukraina, vil det bli holdt valg i Russland. Alt tyder på at Putin vil bli gjenvalgt i mars. Trump er klar favoritt til å bli Republikanernes kandidat foran det spennende presidentvalget i november. I april og mai holdes det valg i verdens største demokrati, India.
Felles for alle disse tre betydningsfulle landene, er at religion vil spille en svært viktig rolle ved valgene som har så stor betydning for resten av verden. Den russisk-ortodokse kirke har vært en iherdig støttespiller av Putins krigføring i Ukraina. Allerede i 2012 uttalte patriark Kirill at Putins lederskap i Russland var et resultat av et «Guds mirakel».
Forfattar og redaktør, Helge Simonnes

26. januar blir det lyrisk føremiddag med Halvor J. Sandsdalen

Fredag 26. januar er det duka for lyrisk føremiddag på biblioteket. Den lokale skodespelaren, Hæge Manheim, har regien og får musikalsk støtte frå Oddbjørn Aase. Alt saman skjer i samband med at det er 25 år sidan seljorddiktaren Halvor J. Sandsdalen døydde. Vi serverer vaflar og kaffi frå kl. 12.. Det lyriske arrangementet startar kl. 12:30. 

Velkomne!

Hæge Manheim og Oddbjørn Aase

Harepusløypa blues - boklansering med Odd Jan Sandsdalen 20. april

Odd Jan Sandsdalen (f.1944 i Seljord) gjer i år comeback som lyrikar etter 23 år!
I den nye diktsamlinga, "Harepusløypa blues" blir vi med forfattaren på ei reise i sorg, i kjærleik og takksemd til menneske og stader som har stått han nær. Odd Jan er son av forfattarparet Halvor J. Sansdalen og Ingebjørg Kasin Sandsdalen, som begge fekk Kongens fortenestemedalje i gull 1996.
Det er Tekst Forlag som utgir boka. 

Jon Svartdal og Frode Birkeland bidreg med diktopplesing.

Boklanseringa startar kl. 19.

Gratis og ope for alle! 
Vel møtt!

Bilete av diktaren Odd Jan Sandsdalen

Forfattarbesøk av Brynjyulf Jung Tjønn 14. april

Brynjulf Jung Tjønn er forfattar av både barne-, ungdoms- og vaksenbøker. TJønn skriv også dikt. Han vann Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2013 for boka "Så vakker du er". Han har vore nominert til ei rekkje prisar. Hans siste bok er diktsamlinga "Kvit, norsk mann" som tematiserer det å vakse opp i Noreg, om det å vere adoptert og erfaringar med kvardagsrasisme. Dikta er både såre og vonde, men tidvis også morosame.
Forfattarbesøket startar kl 18. 
Arrangementet er eit samarbeid med Vinjesenteret.
Forfattarmøtet er gratis og ope for alle.

Velkomne!
Brynjulf Jung Tjønn