27.5.21 kl. 21.00: Smitte og testing av elevar ved Vest-Telemark vidaregåande skule, Dalen
Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen er stengt i morgon, fredag 28.05 på grunn av smitte.
Som eit førebyggande tiltak for å hindre vidare smitte skal alle elevar på skulen bli testa for covid-19 i morgon (fredag). Medan dei ventar på prøvesvar er dei i karantene.
Elevar ved Vgs på Dalen som er frå Seljord skal testast ved Helsesenteret i Seljord fredag frå kl. 10.00. For registrering og avtale tidspunkt for testing må alle elevane ringe helsesenteret før frammøte, tlf 35 06 52 50.
Kommunen rår alle elevar å avgrense nærkontaktar og elevane må teste seg ved teikn på sjukdom.
Beredskapsleiinga