I vakre omgjevnader på Nutheim ble jubilantane feira med taler, gåver og nydeleg middag.
Ordførar, kommunedirektør, aktuelle kommunalsjefar og einingsleiarar var til stade og gjorde stas på jubilantane.
Jubilantane som var til stades er Anne Elin Natadal, Sigbrit G. Valhovd, Elin Rebekka Groven og Anne Marie Dahle. Ellen Irene Loftsgarden og Marit Hauglid Samland jubilerer også i år, men kunne dessverre ikkje delta på feiringa.
Seljord kommune er stolt over å ha tilsette som blir i kommunen over lang tid.
Vi gratulerer med jubileet, og håper på mange fine år vidare!