Styret har sett av kr 100.000 til fellestiltak som brosjyre, formidling o.l. Dei resterande kr 900.000 er sett av til tiltak du kan søkje på. Styret for UKL Hjartdal og Svartdal har prioritert bordgjerde, steingardar og kulturminne for 2020.
Samarbeidstiltak og tiltak som bidreg til næringsutvikling vert og prioritert. Styret har valt å ikkje prioritere støtte til innkjøp av omsetteleg utstyr som maskinar og reiskap. Tiltaka må vere i tråd med forvaltingsplanen for UKL Hjartdal og Svartdal.
Frå 2020 er ordninga og ansvaret med utvalde kulturlandskap overført til kommunane. Kommunane tek imot søknadene og gjer vedtak. Regelverket er utarbeidd på grunnlag av «Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap», FOR-2019-12-18-2024
Vi har 45 Utvalde kulturlandskap i Noreg. Eitt av desse er Hjartdal og Svartdal i Vestfold og Telemark. Det kom på lista i 2017. Les meir om dei utvalde kulturlandskapa i Noreg her: Landbruksdirektoratet og utvalde kulturlandskap