Stoppestad Seljord 13. mars
Måndag 13. mars får vi besøk av den kjende tekstilkunstnaren Kari Steihaug på Seljord bibliotek.
Programmet for kvelden ser slik ut:
- kl. 18: foredrag med Kari Steihaug om hennar kunstnarskap. Gratis og ope for alle.
- kl. 19: stoppeverkstad med Kari Steihaug - ta med eit plagg med hol i eller kom for å lytte, sjå og lære. Påmelding til lbmbirds@gmail.com. Eigenandel 100 kr.
Arrangementet skjer i samarbeid med Seljord og Kviteseid Husflidslag og Seljord kunstforening.